Det er mykje snakk om å få folk til å bruke Mastodon i staden for Xitter. Eg er ekstremt samd i om det er bra om folk sluttar vera publikum for Space-Karen, men eg må innrømme eg liker litt at vi er såpass få aktive norsktalande her. Eg kan følge #NorskTut utan verte spamma ned, eg kan vitse om #nynorsk og få litt respons utan vera like morosam som Are Kalvø. Det er litt som kaféen som vil verte øydelagt veldig snart av di ein journalist kjem til gi han terningkast 6. Tenkte berre eg skulle seie det høgt... før det vart for populært. ;)