@forteller Ein interessant ting med det å «få» pengar eller tenester frå staten, er den grunnleggande skilnaden mellom rik og fattig, dvs normal. Når ein normal bruker ei offentleg, eller eigentleg kollektiv, teneste, er det veldig ofte av di det er det einaste som er realistisk bruke. Universitet, sjukehus, ansvarsforsikring (merk, eg sa kollektiv, ikkje statleg her), alt må løysast i flokk. Er du derimot tilstrekkeleg rik, sjølvassurerer du og kjøper uansett folka, firmaa og tenestene som er best for egoet i dag. Eg trur det skjer noko veldig uheldig når du sluttar innsjå at du er ein del av eit samfunn.
Når eg høyrer om «fritt» skoleval (eller fritt val av sjukehus eller kva), høyrer eg «Her har vi funne ein måte gjera privilegierte litt meir privilegierte i det stille.»
Er du rik, tek du alltid pengane. Er du normal, er det alltid rasjonelt ta (den statlege) tenesta.